Foto: Andreas Ulvo
Gammalgrass er ein supertrio i ordets rette forstand. Stian Carstensen, Ola Kvernberg og Ole Morten Vågan kastar seg over bluegrass, folkemusikk og mykje anna, med ein forførande cocktail av tonespråk og utrydningstrua taktartar!
Trioen har spelt land og strand rundt i Noreg, i tillegg til turnear i Tyskland og Europa, og er kjend for ublu musisering på høgt nivå, der tempoet til tider er like kjapt som stilskifta.
Musikantane Stian Carstensen, Ola Kvernberg og Ole Morten Vågan er blant dei beste (og mest spelesugne) i kongeriket, og saman utgjer dei eit sprudlande ensemble som med humor og overskot tek oss med på ei reise i eit hittil lite utforska musikalsk landskap – der dei fleste taktartar og sjangrar blir utsette for meir eller mindre respektlause tolkningar.
-
Stian Carstensen (det meste) speler trekkspel, fiolin, gitar, banjo, fløyter og ei rekke andre instrument. Han lærte å spele trekkspel som ni-åring og turnerte i USA allereie som 11-åring - der han gjorde suksess med sin egen melodi «If I only could get a little Lefse». Hans store interesse for bulgarsk, indisk og amerikansk tradisjonsmusikk har medført ei rekke studieopphald i dei respektive landa, og har bidratt til å utvikle ein særs mangfaldig og original musikant — etter manges meining ein av landets mest virtuose.
Stian har vore mykje i Bulgaria dei siste 15 åra, og har studert mystikken i den bulgarske folkemusikken. Han hadde mellom anna eit toårig stipend frå Kulturrådet for å studere bulgarsk tradisjonell polyfoni, og han har spelt med dei beste bulgarske folkemusikarane. Stian har også studert bluegrass i Kentucky med flere lokale banjo-spelarar.
CV-en hans omfattar ei rekke utgivingar i eige namn, samt samarbeid med musikarar som Mike Patton, Joshua Redman, Bireli Lagrene, Michael Brecker, Djano Bates og Stefano Bollani, berre for å nemne nokre. Carstensen har vore med på over 100 album innan ulike musikksjangrar. Mest kjent er han likevel som frontfigur i bandet Farmers Market, som mellom anna vann Spellemannsprisen i open klasse. Bandet har turnert i Japan, USA og heile Europa.
-
Ola Kvernberg (fiolin, bass, piano, osv.) er kjend for sitt virtuose «string-swing»-spel og evna si til å røre seg uhindra mellom ulike sjangrar. Han begynte med folkemusikk i ung alder, og fekk klassisk opplæring gjennom den kommunale musikkskulen. Då han var 16, begynte han å spele jazz og vart seinare utdanna ved jazzlinja (NTNU). Han fekk eit gjennombrot etter eit møte med Hot Club de Norvège i 2000 under den årlege Djangofestivalen i Oslo.
Med åra har han blitt eit fyrtårn i norsk jazz, mellom anna gjennom storsuksessen Steamdome. Trass i at han har bakgrunn som folkemusikar, må han reknast som ein virtuos, breifamnande jazzfiolinist med kreativ nysgjerrigheit på pop, rock og alle andre musikkformer.
Han er ein prisvinnande filmmusikkkomponist (både Amanda og den svenske Guldbaggen), mottakar av Spellemannprisen og DnB NOR-prisen, og har spelt med mellom andre Pat Metheny, Jimmy Rosenberg, Niels-Henning Ørsted Pedersen, Philip Catherine og Thomas Dybdahl – i tillegg til eigne prosjekt og duosamarbeid med mellom andre Joshua Redman.
-
Ole Morten Vågan (kontrabass) frå Brønnøysund er, i likskap med dei to andre, utdanna ved jazzlinja hos NTNU, og har utmerka seg på den norske jazzscena både som bassist og komponist/arrangør, og dei siste åra også som kunstnarisk leiar for Trondheim Jazzorkester. Han har spelt med så å seie alle som kan krype og gå i det skandinaviske jazzmiljøet, i tillegg til opptredenar med sine eigne band Motif, The Deciders og som medspelar i alt frå Susanne Sundfør til Joshua Redman Trio.
Han fekk DnB NORs store musikarpris under Kongsbergjazz i 2009 og vann nyleg Spellemannprisen 2021 saman med Maria Kannegaard Trio. Han har òg spelt med John Scofield, Audun Kleive, Terje Rypdal, Tore Brunborg, Jonas Kullhammar, Kresten Osgood, Christian Wallumrød og Bugge Wesseltoft, i tillegg til ensembla Håvard Wiik Trio og Team Hegdal.